Avisa Hallingdølen:

Veterinærinstituttet analyserte i fjor over 33.000 prøver frå hjortedyr for skrantesjuke. Sju ilfelle vart påvist.

I 2018 fekk seks villrein påvist skrantesjuke av den klassiske, smittsame typen. Alle i Nordfjella sone 1. I tillegg fekk ein
elg i Flesberg i Buskerud påvist såkalla atypisk skrantesjuke som blir antatt å kunne oppstå spontant hos eldre dyr, opplyser Veterinærinstituttet.

Oppdaginga av skrantesjuke (Cronic Wasting Disease, forkorta CWD) i Noreg i 2016 førte til omfattande tiltak for å fjerne smitte og hindre spreiing, og dessutan overvaking av bestandar med hjortedyr.

Nedslakting
I mars 2018 vart dei siste dyra i den smitta villreinbestanden i Nordfjella Sone 1 drepne av folk frå Statens  naturoppsyn. Til saman vart det skote ca 2000 villrein i området frå seinhausten 2017. Det vart her påvist skrantesjuke hos 17 dyr.

Planen er å reetablere rein i Nordfjella etter den omfattande nedslaktinga. Men først skal det vere ein området liggje
brakt i minst fem år.

Frå jaktsesong har Veterinærinstituttet testa lymfeknutar og hjerneprøver for skrantesjuke av cirka 480 dyr frå Hardangervidda, og i underkant av 80 dyr frå Nordfjella sone 2.

Veit for lite
Forskarar ved Veterinærinstituttet har etter jakta i 2018 rekna ut at det er om lag 64 prosent sannsynleg at Nordfjella
Sone 2 er fri for skrantesjuke og rundt 67 prosent når det gjeld Hardangervidda.

Mattilsynet seier det må vera 99 prosent før det erklærer områda for smittefrie. Tala byggjer på ei statistisk utrekning  av kor sannsynleg det er å oppdage CWD-tilfelle under føresetnad at flokkane har minst fire positive dyr.