
(Foto: Hallingdølen)
Bli med!
Heidi Granli er ordførar i Gol kommune. Ho er også entusiastisk deltakar i Vilt og trafikk – blant anna som ansvarleg for Facebook-sida vår.
Nå har Heidi nettopp sendt denne eposten til mange i nettverket sitt. Ho håpar den kan vera ein bra appell til endå fleire rundt omkring i landet:
Gode samarbeidspartnarar!
Endeleg er den nye heimesida og vår nye logo lansert og klar for å ta prosjektet til nye høgder.
Tusen takk for velvilje til å bidra inn i ei ny prosjektperiode og nytt gjerne dykkar kontaktnettverk og vis til denne informasjonssida. Den er godt eksempel på eit viktig tiltak som sikrar vilt og tryggare trafikk langs vegane i Norge!
Igjen, takk for at de vil samarbeide!
Høyrer vi frå deg?
Vi vil gjerne ha bilde, nyheiter, høyre om hendingar og aktivitet som vedkjem vilt og trafikk frå Finnmark i nord til Agder i sør. Ja, ikkje berre det, men også mangt anna frå natur og/eller trafikk – i veldig vid forstand. På nynorsk eller bokmål.
Vi vil også gjerne legge det ut på heimeside. Bilde og tekster kan leggast på Facebokok-sida eller sendast direkte til redaktøren – til post@viltogtrafikk.no
Vi tar også gjerne imot tips til saker vi sjølve kan lage noko på.