Det var ein halvannan år gmamal elgokse som var påkøyrt. (Foto: Torbjørn Grøslandsbråten)

Samanstøyten var nok hardare enn bildet viser. Bilen vart taksert som vrak.

Bilføraren ringde politiet og køyrde deretter vidare medan elgen låg att i vegen – hardt skadd og framleis i live.
Det fortalde sjåførar som kom til staden rett etter kollisjonen. Ein brøytebilsjåfør på veg til Hemsedal og ein brøytesjåfør med traktor sikra staden og tok seg av trafikkdirigeringa til Kjell Sævre og Torbjørn Grøslandsbråten i ettersøksgruppa i Flå kom til. Dei fekk dratt elgen, som då var død, ut av vegen. Dei rosar dei to yrkessjåførane, som bidrog til at det ikkje vart fleire hendingar på staden.

Påkjørselen skjedde sist onsdag på riksveg 7 ved Grøsland seks kilometer nord for Flå sentrum. Sævre og Grøslandsbråten vart kalla ut kl 22.30.

I følgje dei to visste ikkje bilføraren – etter det han hadde sagt til politivakta – om det var elg, hjort eller rådyr han hadde råka. Han påstod også at dyret var borte sjølv om det altså låg midt i vegbanen.

– Sjåføren kan ikkje ha vore ute av bilen og sjekka. Det er sterkt kritikkverdig og alvorleg. Han skulle ha blitt verande på åstaden til det kom hjelp, seier Sævre.

Grøslandsbråten er like tydeleg: – Slik framferd er absolutt uakseptabel. Og politivakta som vart oppringt, burde ikkje latt han køyre vidare før vi kom. Dette er kritikkverdig av både politiet og sjåføren.

Kjell Sævre (t.v.) og Torbjørn Grøslandsbråten har tatt seg av mykje daud elg på riksveg 7. (Foto: Vilt og trafikk / Ole Johs Brye)