Samarbeid mot viltulykker i Gol

Då november kom, var talet på viltulykker like høgt som for heile 2019.

Den ti kilometer lange strekninga på riksveg 52 rett sør for grensa mot Hemsedal – mellom Robru og Granheim – har vore ein versting. Nå er strekninga rydda for skog, og forventningane er store til at det skal bidra sterkt til færre ulykker.

Ryddeprosjektet viser som er mogleg med velvilje og samarbeid – i dette tilfellet mellom Gol viltnemnd, Statens vegvesen og skogeigarar. Alle er representerte i forumet i det regionale fellesskapet Vilt og trafikk Hallingdal, som sidan våren 2010 har gjennomført mange og ulike førebyggjande tiltak – på både veg og jernbane.

Bra tiltak: Ti kilometer med hogd skog i breidde på 15-20 meter langs riksveg 52. Bjørn Kristian Bråten (t.v.) frå Statens vegvesen, som har finansiert arbeidet; Jørn Magne Forland er viltforvaltar i Gol kommune og Svein Olav Venedokken frå Agria AS har utført arbeidet.

– Utsett strekning.

Helge Arne Jallen er formann i Gol viltnemnd, og har rykt ut til mange påkjørslar i området.

– Me har hatt kveldar utrykking tre gonger til same plassen, fortel Helge Arne, som har vore pådrivar for å få gjort noko med den uoversiktlege strekninga.

– Me ringde Statens vegvesen og spurte om det ikkje ville vera lurt å hogge litt for å få betre oversikt. Granskogen har omtrent stått på kvitstripa i vegen. Dei var positive med ein gong og ville ta kostnaden, fortel han.

Helge Arne Jallen er formann i Gold viltnemnd og med i forumet i Vilt og trafikk Hallingdal.

Skryter av grunneigarane

– Det var ikkje sjølvsagt at dei skulle seie ja til dette, så me er veldig takksame, seier Helge Arne og legg til at viltnemnda skal bruke statistikk for å måle effekten av tiltaket.

– I 2019 registrerte me 30 møte med elg i Gol kommune. Same talet nådde me allereie i midten av november i år. Nå er me inne i dei varste månadane, og den aktuelle strekninga på riksveg 52 har tradisjonelt hatt flest ulykker, fortel han og håpar at dette endrar seg til det betre.

Ryddehogst: «Vegskogen» mellom Robru og Granheim vart rydda i løpet av nokre veker før verste viltulykke-sesongen starta.

Hoggaren: Svein Olav Venedokken har hogd ei mil med «risikoskog» langs riksveg 52.

Bilførarane må bidra på sin måte.

Miljøvernleiar og viltforvaltar i Gol kommune, Jørn Magne Forland, fortel at samtlege grunneigarar var positive då han kontakta dei om tiltaka.

Like takksam er han overfor Svein Olav Veneli i Agroservice AS, som gjorde ein framifrå jobb med hogstmaskin – også fordi han rakk heile strekninga raskare enn forventa.

– Me fekk i tillegg rydda litt forbi Granheim og dertil teke nokre nødvendige, men kortare strekningar på andre sida av vegen. Til våren kjem Statens vegvesen til å ta noko etterrydding av småvekst med motorsag, anna etterarbeid og fjerning av risikosteinar i tilfelle utforkjøringar.

– Elgen vil ofte over vegen her og kjem til å halde fram med det. Nå vil bilførarane kunne sjå dyra tidlegare og rekke å stoppe raskt nok. vel og merke om dei kjører med fornuft! understrekar viltforvaltaren.

Jørn Magne Forland: – Nå får vi berre vente og sjå kva som skjer med ulykkesstatistikken utover vinteren.

Tryggare veg for folk og vilt: Det er Statens vegvesen som eig riksveg 52 og som difor tek kostnaden. Byggeleiar i etaten, Bjørn Kristian Bråten, håpar å sjå positiv resultat av ryddinga. – Vegvesenet har søkt om meir støtte til å halde fram langs riksvegen, seier han.

Håpar på færre viltpåkjørslar: Svein Olav Venedokken (t.v.), Bjørn Kristian Bråten og Jørn Magne Forland.