Vilt og trafikk i Setesdal

Fryktar fleire viltpåkjørslar frametter vinteren

– Det har heldigvis vore lite påkjørslar hittil i haust og vinter, fortel Birger Trydal på telefon då vi ringer han fredag 14. desember. Han er nestformann i Bykle  viltnemnd og dertil med i ettersøksgruppa i nabokommunen Valle. og har gjennom åra vore ute på mange oppdrag for å ta att drepe og trafikkskadd hjortevilt – ikkje minst på riksveg 9, hovudvegen i Setesdal.

Sjå fareskilta: Birger Trydal må ut og avlive trafikkskadde dyr også på natta. Han ber innstendig om  at folk gir akt på fareskilta. (Foto: Bykle viltnemnd)

Viltband

Birger Trydal fryktar auke av påkjørslar når trafikken toppar seg inn mot jul med både hyttefolk og andre som skal til fjells og feire høgtida. Derfor har viltnemnda fått tilsendt ein bra porsjon med viltband til utdeling – slik at folk skal skjøna alvoret i ein kollisjon med hjortevilt.

I hanskerommet

– Det er viktig at folk les teksten på bandet. Teksten gir god informasjon både om korleis redusere sin eigen risiko for å kjøre på vilt og om korleis varsle politiet på 02800 om uhellet er ute. Viltbandet kan også brukast til å merke påkjørselsstaden dersom det skadde dyret stikk til skogs – slik at ettersøksmannskap kan koma i gang snarast råd, seier Birger Trydal og håpar folk legg det i hanskerommet og iblant tek det fram att og les teksten på nytt.

– Vi har tenkt å oppsøkja parkeringsplassar og feste viltband under vidaugeviskarane, og vi brukar også andre kanalar som bensinstasjonar og verkstadar. Og vi vurderer  å gjennomføre ein informasjonsaksjon ved vegen, seier han.

Hjorten flinkare enn elgen

Birger har sett meir hjort enn elg denne hausten og vinteren. Det kan vera både på grunn av mindre elgstamme og mindre snø. Heldigvis er hjorten flinkare enn elgen til å passe seg for bilane, i følgje den erfarne karen.

Alvoret

For å understreka kor alvorleg ei slik ulykke kan vera, har han sendt oss bilde frå ein påkjørsel i november i fjor, der det gjekk ille med elgen og kjøretøyet og berre flaks gjorde at sjåføren, Askild Johnsen, kom skadefri frå kollisjonen.

Flaks for sjåføren: Elgen hamna i passasjersetet. Heldig sat det ingen der. Det hadde vore verre om sjåføren hadde fått han i fanget. (Foto: Bykle viltnemnd)

Stort dyr: Resten av elgen hang ut gjennom frontruta. (Foto. Bykle viltnemnd)

Litt av eit lyft: Elgen måtte dragast ut med vinsj. (Foto: Bykle viltnemnd)

Askild Johnsen: Eg hadde flaks. (Foto: privat)

.

Askild Johnsen, også han frå Bykle, fortel:

– Uhellet skjedde midt på natta. Eg var på heimveg frå julemarknadsbesøk i Tyskland, og hadde att berre ei par minutt før eg var heime då elgen brått dukka opp i vegen. Eg hadde ingen sjanse til å unngå han.

Han er framleis forundra over kor brått det skjedde – og kor livsfarleg det var.

– Elgen kom faktisk heilt inn i bilen og hamna i passasjersetet – heldigvis ikkje i fanget på meg og heldigvis var eg åleine i bilen. Han smiler nå, men gløymer aldri kor fatalt det kunne ha enda.

Askild Johnsen sender gjerne med eit alvorsord til andre vegfarande. Han fortel om si oppleving, men også kva ambulansemannskap i Setesdal. Dei rykkjer jo ut til alle døgnets tider og ser ofte dyr på og ved hovudvegen gjennom Setesdal. Vegen går langs Otra, og dei erfarer at risikoen aukar når elva frys til og elven kan krysse over. Slik var det den natta Askild Johnsen var på tur heim att.

– Dette må bilførarane ha med seg i tankane for slik var det då eg trefte elgen, og slik er det att nå nå, åtvarar han.

Steinar Haugen i Bykle viltnemnd rykte ut klokka tre på natta – til den omtalte ulykka og avliva elgen.

– Askild skal vera glad for at han var åleine i bilen. Hadde det site nokon i passasjersetet, er det ikkje godt å vita kva utfallet hadde blitt,  uttalte Haugen etterpå.